Høve Støtt
Hug Leik Alvor Verksted Arenaer Om oss Podcast Påsten Masterclass Opplevelse Nettbutikk Kontakt Pål
Politikere fikk leike med planen sin
Høve Støtt / Verksted / Politikere fikk leike med planen sin
Alvor
Politikk, politikere, vedtak, samfunnsdel, planarbeid, vågemot

Politikere fikk leike med planen sin

Da Gol kommune ringte meg og spurte, vart eg først glad, så litt nervøs og så bestemte eg meg for å verkeleg prøve å dundre til! Med Lego, fargeblyanter og eit skrått blikk med glimi augo.

Så korleis gjekk det då politikere vart utfordra på å leike med ein så alvorleg sak som samfunnsdelen, spurte eg oppdragsgiveren. Det fysste eg lurte på var korleis heile seansen fungerte? 

-Seansen fungerte veldig godt, og politikarane var veldig nøgd! Dei vart utfordra, og måtte tenke nokre nye tankar. Det var ein veldig god økt der politikarane turte å leike. Økta vart bra fordi den stilte politikarane nokre identitetsspørsmål, og dei vart røska litt i. Den vart kanskje ikkje heilt sånn vi hadde tenkt, då vi hadde kanskje tenkt at resultata skulle bli litt meir konkrete, men det er ikkje sikkert dei ville vore klare for å gi konkrete svar på dåverande tidspunkt. Dei hadde godt av at nokon stilte dei litt ubehagelege identitetsspørsmåla som til dømes kven er vi  og kor mange skal vi vere.

-Når ein ser gjennom plakatane, så ser vi at det er mykje fokus på fysiske ting. Sett i ettertid, så saknar vi kanskje litt av det som omhandlar å ta tak i – og finne løysingar på – dei utfordringane vi står ovanfor i dag og i tida framover. Eg er derimot usikker på om ein kunne gjort så mykje anna, då det er det fysiske som er lettast og artigast å diskutere. Vi opplever at politikarane er veldig fokuserte på å finne løysingar, sjølv om ein kanskje ikkje veit kva ein må løyse og kvifor ein må løyse det.

- Vi trur nok at dette var ein igangsettar, men så må vi bearbeide endå meir, og gjennomføre ein del 2 som blir litt meir konkret på kva mål Gol kommune skal sette seg for tida framover, og kvifor vi ønsker å sette oss desse måla. Som ein introduksjon til samfunnsdelen tenker eg at det fungerte supert, men ein treng nok fleire rundar med dei i etterkant for å bearbeide.

 

 

 

 

- Lego-seansen var veldig god i nokre grupper, og kanskje for lite konkret for andre grupper. Kanskje kunne den vore spissa litt meir? Eg trur kanskje Lego-seansen burde vore i midten, slik at dei kunne lage draume-samfunnet, og etterpå bearbeide korleis ein kunne kome seg dit. På ein måte føler eg at Lego-oppgåva mangla litt konklusjon.

Kva gjorde at Gol kommune valde denne løysinga?  

Vi hadde eit behov for å jobbe annleis, og at det kom inn nokon frå utsida. Vi ønskte nokon med god kjennskap til Gol-samfunnet, og nokon som er leiken og tør å utfordre dei. For oss er det ein styrke at du gjer nettopp dette. I tillegg er du ikkje redd for å trykke på knappar.


Gol kommune

Sander Lilleslett, Samfunnsplanleggar

Eg konkulderer med at det må jobbes med finpussen, og at tid alltid er ein faktor som må takast inn i planleggingen. Litt meir tydelegheit og litt mindre frie tøyler kanskje? 

Takk! Du er på lista. 🎉